Septik24

BEREKRAFTIG BOTNLINJE: Septik24 jobbar med samfunnsansvar på fleire frontar. Miljøsatsinga er berre éin av dei. – Som marknadsleiar må vi vere i forkant av forventingane, seier dagleg leiar Arild Bødal. Foto: Septik24

Septik24

Veks på samfunnsansvar

Samfunnsansvar kan gi både konkurransekraft og ei berekraftig botnlinje. Det har Septik24 fått erfare.

– For oss handlar samfunnsansvar om å vere i forkant av forventingane, seier Arild Bødal, dagleg leiar i Septik24. Gruppa, som òg omfattar selskapa Miljøservice og Johny Birkeland Transport, er den største aktøren i Norge innan septiktøming, avvatning og handsaming av slam. Dei tømmer i dag septiktankar og større kommunale og private anlegg i om lag 140 kommunar over heile landet.

Reduserer utsleppa og kostnadene
Forretningsmodellen er basert på moderne miljøteknologi og legg vekt på å optimalisere logistikken i verdikjeda. Selskapet har mellom anna delteke i utviklinga av ei mobil avvatningsløysing som skil slam frå vatn. Sjølv har dei også utvikla avanserte drifts- og navigasjonsløysingar som gir optimal planlegging og gjennomføring av oppdrag. Ny avvatningsteknologi  gjer det mogleg å redusere transporten og tilhøyrande utslepp med opp mot 60 prosent. Av kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland er det i følgje Bødal berre Bergen som til no ikkje har tatt i bruk den nye teknologien.

Men løysinga er ikkje berre gunstig for miljøet. – Kundane sine kostnader blir redusert med ny, moderne teknologi. Slik blir vi meir konkurransedyktige, kundeflata aukar, og det same gjer omsetnaden. Store delar av veksten vår kan vi takke denne satsinga for, seier Bødal. Tala snakkar for seg: I 2014 er omsetnaden budsjettert til 220 millionar kroner. Det er opp 76 millionar frå  2010.

Miljøsertifisert
Ideen om ei berekraftig botnlinje ligg med andre ord nær selskapet sin eigen forretningsmodell. I 2009 styrka selskapet si miljøsatsing, då det blei miljøsertifisert etter 14001-standarden. Med den etablerte selskapet eigne miljømål og miljørapportering. Reduserte utslepp, redusert forbruk (m.a. strøm) og auka satsing på berekraftige ressursar er blant måla selskapet har sett seg. – I Stryn varmar vi no opp 8000 m2 byggmasse med fjordvarme. Det reduserer energibruken med ¾ samanlikna med bruk av olje og elektrisitet. Som eit anna tiltak har Johny Birkeland Transport redusert maksimumsfarten på bilane sine frå 90 til 80 km. Slik reduserer vi forureinande utslepp, fortel Bødal.

Samfunnsansvar som strategi
Etter ISO-sertifiseringa skaut arbeidet med samfunnsansvar fart. Selskapet etablerte nytt etisk regelverk og starta ein intern strategi- og utviklingsprosess som involverte store delar av organisasjonen. – Etter kvart blei vi meir klar over kva som ligg i omgrepet samfunnsansvar, og kor omfattande det er, seier Bødal. – Tidlegare handla det mest om å støtte lokale lag og organisasjonar og utvikle eit selskap som  skapte arbeidsplassar og skatteinntekter.

I dag jobbar selskapet med samfunnsansvar på fleire frontar. Miljø og berekraft er berre ein av dei. Ideen om samfunnsansvar ligg til grunn for både leverandørval og HR-politikk. – Eit inkluderande arbeidsmiljø er éi viktig side av dette. – Både det å utdanne lærlingar og ta inn vanskelegstilte elevar er ein del av vår rolle som ansvarleg bidragsytar overfor ulike grupper i samfunnet, seier Bødal.

Selskapet støttar òg ulike samfunnsnyttige prosjekt både lokalt og ute i verda. – Vi arbeider med dette fordi vi er overtydde om at det er minst like viktig å investere i menneske som i utstyr og teknologi, seier Bødal. – Eg er viss på at dette bidreg til å skape ein betre kultur i selskapet: ei kjensle av å vere del av ein fellesskap som bidreg til samfunnet utover det lovar og reglar krev av oss. Dessutan er det viktig for oss som marknadsleiar å vere eit hestehovud framfor konkurrentane, også på dette området.

Tilbake til hovudartikkel