Næringsbarometeret tek pulsen på næringslivet i fylket

Næringsbarometeret for mai 2016 er utarbeidd av NAV Sogn og Fjordane på vegne av partnarane Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV, Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bedriftsundersøkinga
Barometeret byggjer på data frå ei spørjeundersøking som vart gjennomført av NAV i mars 2016, retta mot verksemder innanfor alle næringsområde. Undersøkinga vart sendt til i alt 832 verksemder i Sogn og Fjordane. 516 av desse svarte, noko som gir ein svarprosent på 62. 

Forventingsindeksar
I undersøkinga vart næringsaktørane bedne om å vurdere utsiktene for 2016 samanlikna med 2015 for ei rekkje faktorar, mellom anna talet på tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. Vi har nytta svara på desse spørsmåla til å rekne ut  forventingsindeksar for desse faktorane. Dette er gjort ved å trekkje prosentdelen som ventar reduksjon, til dømes i talet på tilsette, frå prosentdelen som ventar auke. Forventingsindeksane kan difor i teorien variere mellom 100 og -100.

Verdien 100 kan bli oppnådd berre om absolutt alle verksemdene ventar auke. Tilsvarande kan verdien -100 bli oppnådd berre om absolutt alle ventar reduksjon. Generelt er det slik at ein positiv forventingsindeks fortel at det er fleire verksemder som ventar auke enn som ventar reduksjon. Merk at verksemdene også kunne svare at dei ikkje venta noka endring. Desse er ikkje med i dei utrekningane som blir gjort.

Samla forventingsindeks
Vi har rekna ut ein samla forventingsindeks. Denne indeksen er ganske enkelt gjennomsnittet av forventingsindeksane for tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. Også denne indeksen vil teoretisk kunne variere mellom 100 og -100. Det er normalt denne samla forventingsindeksen som blir nytta i samanlikningar mellom næringar og regionar.