Næringsbarometeret tek pulsen på næringslivet i fylket

Næringsbarometeret for januar 2016 er utarbeidd av Hordaland fylkeskommune.

Bedriftsundersøkinga

Barometeret byggjer på data frå ei spørjeundersøking som vart gjennomført av ideas2evidence i november 2015, retta mot verksemder innafor alle næringsområde i fylket. Undersøkinga vart sendt til i alt 3 217 verksemder. 608 av desse svarte, noko som gir ein svarprosent på 18,9 prosent. Næringsbarometeret byggjer i tillegg på ekstern statistikk og intervju med relevante aktørar innanfor næringsliv og forvalting.

Forventingsindeksar
I undersøkinga vart næringsaktørane bedne om å vurdere utsiktene for 2015 samanlikna med 2014 for ei rekkje faktorar, mellom anna talet på tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. Vi har nytta svara på desse spørsmåla til å rekne ut forventingsindeksar for desse faktorane. Dette er gjort ved å trekkje prosentdelen som ventar reduksjon, til dømes i talet på tilsette, frå prosentdelen som ventar auke. Forventingsindeksane kan difor i teorien variere mellom 100 og -100.

Verdien 100 kan bli oppnådd berre om absolutt alle verksemdene ventar auke. Tilsvarande kan verdien -100 bli oppnådd berre om absolutt alle ventar reduksjon. Generelt er det slik at ein positiv forventingsindeks fortel at det er fleire verksemder som ventar auke enn som ventar reduksjon. Merk at verksemdene også kunne svare at dei ikkje venta noka endring. Desse er ikkje med i dei utrekningane som blir gjort.

Samla forventingsindeks
Vi har rekna ut ein samla forventingsindeks. Denne indeksen er ganske enkelt gjennomsnittet av forventingsindeksane for tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. Også denne indeksen vil teoretisk kunne variere mellom 100 og -100. Det er normalt denne samla forventingsindeksen som blir nytta i samanlikningar mellom næringar og regionar.